Er du klar for ein ny strategi eller
vil du bruke ressursane dine på ein ny måte?
Då er det effektivt å ha ein coach med på laget.
Er du klar for ein ny strategi eller
vil du bruke ressursane dine på ein ny måte?
Då er det effektivt å ha ein coach med på laget.
Winnie Støylen – Life- & Business Coach og Helsecoach. Foto: Per Eide.
Eg brenn for å gjere andre gode og å vere ein ressurs for andre. Tidlegare møtte eg menneske i både glede og sorg ved å vere blomsterdekoratør - i bryllaup, og når nokon hadde mista sine kjære. Eg utvikla etterkvart ei interesse for mennesket sine indre prosessar og reaksjonsmønster, samt eit ønske om å spele ei positiv rolle i liva til andre. Då eg fekk lære om NLP falt brikkane på plass og eg hadde funne ein måte å bidra til andre si utvikling på. Som NLP-coach får eg vere ein positiv lagspelar for menneske som vil noko, som er klare for ei forandring. Å ta del i denne prosessen, heie på og motivere, og sjå at delmål for delmål blir nådd, det er den store motivasjonen for meg!
.
Illustrasjonsfoto. Foto: Per Eide.
Coaching er ein samtalebasert forandringsprosess, der du sjølv tek ansvar for di eiga utvikling og dine moglegheiter. Mi rolle er å leie prosessen, inspirere og hjelpe deg til å oppdage og ta i bruk dine eigne ressursar og heile ditt potensiale, slik at du kjem dit du ønskjer. Vi startar alltid med ein kartleggingssamtale der vi saman finn ut kva område/utfordringar du ønskjer å gripe fatt i. Kanskje har du dette klart for deg heilt frå starten av, og kanskje dukkar det opp nye ting undervegs.
Illustrasjonsfoto. Foto: Per Eide.
Med NLP har vi mange verktøy for å betre kommunikasjon, motivasjon, og til å skape endringar i fastlåste tankemønster og handlingar. Med desse verktøya kan du motivere deg sjølv, endre unyttige overtydingar og handlingsmønster, oppleve å stå stødigare i vala dine og oppnå betre strategiar for å nå måla dine. NLP gir deg innsikt og forståing for mekanismane som ligg til grunn for vala du gjer.
DNCF
Eg er utdanna Life- & Business Coach og helsecoach, er sertifisert NLP Master Practitioner og er medlem av Den Norske Coachingforening, DNCF. DNCF definerar standarden for coachar i Norge. Dei kvalitetssikrar coachingutdanning og coachingtenester med utgangspunkt i norske forhold, erfaringar og behov. Du kan lese meir om DNCF på deira eigne sider i linken nedanfor.
Eg satt fast i eit negativt tankemønster. Å bli coacha av winnie fikk meg til å tenke på ein ny og positiv måte. Det hjalp meg til å kunne ta avgjerelsler som eg ikkje trudde eg greide ta. Sjølv om eg kjente Winnie frå før, gikk det veldig bra. Winnie er prosjesjonell og dyktig.
Winnie er en utrolig dyktig coach. Hun ser deg og dine behov, er behagelig og har høy tillit. Jeg har selv brukt Winnie som coach og har fått mye hjelp i forhold til min egen utvikling da jeg sto litt fast i gamle mønstre. Jeg driver mitt eget foretak grydalen.no og kan takke Winnie for at jeg ikke ga opp. Anbefaler deg virkelig å ta kontakt med denne flotte og inspirerende coachen!
Saman med Henning Karlsen fra Verto, besøkte Mewinn Coaching Internasjonal skule i Herøy. Det vart ei positiv erfaring for både med, Verto og lærerar og elever ved norskkurset!
1. og 2. september hadde mewinn og Bergen Stressmestringssenter inspirasjonshelg i MINDFULNESS i Fosnavåg. Vestlandsnytt var med og skreiv ein fin artikkel om helga vår saman. Her kan du lese artikkelen.
Mewinn i samarbeid med Line Katrin Moe:
HELGEKURS 13.-14. OKTOBER- «HVA ER DIN VEI?»
Her kombinerer vi nlp-teknikker, coaching og mindfulness. Livet handler om å leve fra hjertet. Å leve det livet du drømmer om. Men vi har en tendens til å ikke sette av tid til å kjenne etter hva vi trenger, hva vi har behov for eller hvordan vi ønsker å leve. I stedet lever vi ut av vaner, hva vi tror er forventet av oss eller vi tenker på alle andre før vi tenker på oss selv.
KURS I Mindfulness / STRESSMESTING
inspirasjonshelg i ULSTEINVIK!
Velkomen til nytt kurs i MINDFULNESS! I samarbeid med Bergen Stressmestringssenter inviterer vi endå ein gong til ein innhaldsrik og spanande helg med MINDFULNESS, denne gongen i Ulsteinvik! Kurset går over to dagar og gir både ei praktisk og teoretisk innføring i kva mindfulness er og korleis det kan bidra til å redusere stress i kvardagen.
Mewinn Coaching har inngått et samarbeid med Line Katrin Moe! Til hausten vil vi tilby helgekurs ved Tindelandet Pilates og Yoga i Ørsta der man vil få innføring i både coaching og mindfulness. Følg med!