Som også Vikebladet Vestposten skriv, kan mindfulness vere med på å gi ei betre mental helse. Dette kan vi lese om i ein ny rapport omtalt på Folkehelseinstituttet sine sine sider.

«Mindfulness fremjar helse og velvære ved å endre måten vi møter stress og utfordringar på. Ved å skape eit mellomrom mellom seg sjølv og stresset, såkalla kognitiv desentrering, blir det lettare å få auge på nye måtar å meistra stresset på. - Slik finn vi høve for vekst og meining i det som skjer oss.› - Michael de Vibe 

Mewinn, i samarbeid med Bergen Stressmestingssenter, held kurs i mindfulness i Ulsteinvik. Kurset går over to dagar, 13.-14. januar 2018, og gir både ei praktisk og teoretisk innføring i kva mindfulness er og korleis det kan bidra til å redusere stress i kvardagen. Du vil gjennom kurset få erfare dei ulike øvelsane som mindfulness representerer, og det er mogleg å stille spørsmål undervegs. Du kan lese meir om kurset på kurssidene. NB! Det er også mogeleg å kjøpe gåvekort på mindfulness-kurs. Kanskje noko å gje i julegåve? For kjøp av gåvekort kontakt Winnie Støylen på telefon 918 61 296 eller winnie@mewinn.no.

keepCalm.jpg