Eit fint møte med Vestlandsnytt! Du kan lese saka under bilete.

mewinn.jpg

Slik gjennomfører du nyttårsforsettet ditt:
– Sett realistiske mål

Startar du året med nyttårsforsett? Då er du ikkje åleine. Men korleis halde ut til målet er nådd?
– Det viktigaste er at nyttårsforsettet er ditt eige, og at det verkeleg betyr noko for deg, seier Winnie Støylen frå Leikong.
Ho er utdanna Life- & Business Coach, og driv «Mewinn Coaching» i Ulsteinvik. Der jobbar ho dagleg med å hjelpe folk til å nå måla sine. Det kan handle om alt frå å lære seg å ta i bruk eigne evner og talent til å takle kvardagsutfordringar.
– Når du har bestemt deg for kva du vil oppnå, bør du stille deg to spørsmål: Kva vil det gi deg å oppnå målet ditt, og kvifor ønskjer du det? Svara vil gi deg grunnlag og drivkraft på vegen mot suksess, seier Støylen.
Sett smarte mål
Eit nyttårsforsett handlar ofte om å endre vanar. Det er lettare sagt enn gjort.
– Difor må måla vere realistiske, mest mogleg spesifikke og målbare. Er målet innanfor rekkjevidde? Når kan det bli nådd? Treng du bistand for å kome dit raskare?

coaching
Hovudskilnaden mellom coaching og terapi ligg i at coaching ikkje har til hensikt å løyse djuptgåande emosjonelle problem. Medan terapi kan jobbe med fortida, handlar coaching om kva du ønskjer og skal gjer i framtida.
Kjelde: mewinn.no
– Legg ein plan
– Sett ein realistisk dato for når du skal ha oppnådd hovudmålet ditt, og lag deretter ein god plan med små delmål. Heng den gjerne opp på ein synleg plass, anbefaler Støylen.
– For kvart delmål du oppnår er du eitt skritt nærmare suksess. Belønn deg sjølv for kvart steg, seier coachen.
Viss ein jobbar med nyttårsforsettet sitt på denne måten, vil det ikkje berre føre til eit kortsiktig resultat, men ei endring i livet – og det må no vere det eigentlege målet ...
Mykje ungdom
Som coach hjelper Støylen folk å setje eigne mål og oppnå desse gjennom ein til ein-samtalar.
– Dei yngste kundane mine er rundt 15 år gamle, og dei eldste er godt vaksne. Men behovet verkar å vere størst mellom ungdom. Dei vil gjerne ha ein uavhengig person å prate med.
Forventningspresset kan bli opplevd som stort, ikkje berre frå samfunn, familie og venner, men også frå ein sjølv. Då kan det vere lett å miste trua på seg sjølv.
– Det som ofte går igjen er «kaos i hovudet». Ein slit med å sortere tankane. Eg kan hjelpe folk med å strukturere tankane, slik at dei finn ut kva som verkeleg betyr noko i dette kaoset, seier Støylen og held fram:
– Mange val i kvardagen handlar om korleis vi skal disponere tida vår. Om ein seier ja til noko, må ein gjerne seie nei til noko anna. Vala vi gjer samsvarer ikkje nødvendigvis det vi eigentleg ønskjer oss for oss sjølve og dei rundt oss.

Kurs i Mindfullness
I tillegg til coaching gjennom ein til ein-samtalar, tilbyr Mewinn kurs i mindfulness i samarbeid med Bergen stressmestringssenter. Det neste kurset, går av stabelen i Ulsteinvik førstkomande helg.
– Kurset går over to dagar og gir både praktisk og teoretisk innføring i kva mindfullness er og korleis det kan bidra til å redusere stress i kvardagen. Du lærer å akseptere korleis du har det og korleis du best set kursen vidare, seier Støylen.
Føredragshaldaren denne helga er Linda Elin Aase, som mellom anna har over 25 års arbeidserfaring frå områda barnepsykiatri, vaksenpsykiatri, barnevern og foreldrerettleiing.

Josefine Spiro
josefine@vestlandsnytt.no