Mindfulness_bilde.jpg

Mewinn Coaching inviterer til ei innhaldsrik og spanande helg med MINDFULNESS!

Kurset går over to dagar:
Laurdag 24. mars, kl 11.30–17.00
Søndag 25. mars, kl 11.00–15.00
Kursavgift: kr 2250,- (-20% for student og honnør)

Kurset har som mål å legge til rette for ei praktisk og teoretisk innføring i kva mindfulness er og korleis det kan bidra til å redusere stress i kvardagen. Du vil gjennom kurset få erfare dei ulike øvelsane som mindfulness representerer, og det er mogleg å stille spørsmål undervegs. Kurset er tilpassa alle, uansett alder, livssituasjon, religion og fysisk form. Du vil få utdelt eiget kurshefte, cd med øvelser og et 6 ukers program til å ta i bruk etter kurset for egentrening vidare. Det vil også utstedes kursbevis.

Kurset er eit samarbeid mellom Mewinn Coaching og Bergen stressmestringssenter og blir leia av Linda Elin Aase. Ho har spesialkompetanse innen fagfeltet vold og traumatisk stress, i tillegg utdanning som DNCF sertifiser Coach og Mindfulness-instruktør. Ho har i flere år holdt liknande kurs i Bergen med svært gode tilbakemeldingar. Kurset blir halde i lokala til Yogano i Bjørndalsvegen 15 A i Ulsteinvik sentrum.. For påmelding ta kontakt med Winnie Støylen på telefon eller e-post: winnie@mewinn.no

Her kan du også lese kva Vikebladet Vestposten skriv om MINDFULNESS