KURS I Mindfulness / STRESSMESTING
inspirasjonshelg i ULSTEINVIK!

Velkomen til nytt kurs i MINDFULNESS! I samarbeid med Bergen Stressmestringssenter inviterer vi endå ein gong til ein innhaldsrik og spanande helg med MINDFULNESS, denne gongen i Ulsteinvik! Kurset går over to dagar og gir både ei praktisk og teoretisk innføring i kva mindfulness er og korleis det kan bidra til å redusere stress i kvardagen. Du vil gjennom kurset få erfare dei ulike øvelsane som mindfulness representerer, og det er mogleg å stille spørsmål undervegs. Kurset er tilpassa alle, uansett alder, livssituasjon, religion og fysisk form. Kurset er livsnøytralt.

Vi anbefaler at du kler deg i komfortabelt tøy, tek med deg ei eiga pute og eige pledd. Kaffe, te, nøtter og frukt blir servert i pausene. Du tar sjølv med eigen lunsj begge dagane. Du vil få utdelt eiget kurshefte, cd med øvelser og et 6 ukers program til å ta i bruk etter kurset for egentrening vidare.

Kurset blir leia av Linda Elin Aase som har spesialkompetanse innen fagfeltet vold og traumatisk stress, i tillegg utdanning som DNCF sertifiser Coach og Mindfulnessinstruktør. Ho har i flere år holdt liknande kurs i Bergen med svært gode tilbakemeldingar. 

Tidspunkt:
Laurdag 10. og søndag 11. november 2018.
Laurdag frå kl 11.30 til 17.00
Søndag frå kl 11.00 til 15.00

Sted:
Ulsteinvik 

Kursavgift:
kr 2250,- (-20% for student og honnør)

Du kan melde deg på via e-post: winnie@mewinn.no Påmeldinga er bindande.
Eventuelt avbestilling må skje seinast ei veke før kursstart.

NB! Det er også mogeleg å kjøpe gåvekort på mindfulness-kurs.
For kjøp av gåvekort kontakt Winnie Støylen på telefon 918 61 296 eller winnie@mewinn.no

– Velkomen til ei helg der DU er i fokus!