coaching

Ein coach kan samanliknast med ein personleg trenar (PT). Vi bruker ulike metoder og teknikkar for å få deg til å ta gode val, sette deg tydelege mål og tileigne deg ny og forbetra ferdigheiter. Som coach, støttar og utfordrar eg deg på vegen. Eg jobbar ut i frå eit heilheitsperspektiv, og vektlegg resursar og moglegheiter som ligg i kvar enkelt. Eg tilbyr coachingtimar for både vaksne og ungdom. Første time har vi ein kartleggingstime og legg ein plan. Ut ifrå det finn vi ut omtrent kor mange timar vi treng. Det kan hende det berre trengs eit par timar, oftast 5-6, men også fleire om det er ønskeleg. Eg held også kurset «Stødig i eige liv», for ungdom - les meir om det under «kurs» i menyen.


Ungdom

Forventningspresset kan opplevast stort, ikkje berre frå samfunn, familie og vener, men frå deg sjølv. Vi har mange val å ta i kvardagen på mange plan. Mange val går på korleis disponere dagen og tida vår. Om ein sei ja til noko, må ein gjerne sei nei til noko anna - tida strekk ikkje alltid til, og vala vi gjer støttar ikkje nødvendigvis opp om kva vi eigentlig ønsker for oss sjølv og dei rundt oss. Å lære om kva som betyr mest for deg, lære å ta val på bakgrunn av dine ønsker og å ha ein god kommunikasjon med dei rundt deg kan vere med på å lette press og ikkje minst frigjere tid til det du ønsker å gjere. Mewinn jobbar med å få unge til å stå stødig i sine i eige liv, vere sjølvstendige og vere ein positiv lagspelar for seg sjølv og andre.


Ein til ein

Er du klar for ein ny strategi eller står du ved eit veiskille? Kva tillet du deg, eller ikkje? Kva trur du er mogleg? Vil du bruke ressursane dine på ei ny måte? Då kan det vere effektivt å ha ein coach med på laget. Mi oppgåve som coach er å stille treffande spørsmål og å bruke teknikkar for å styre deg mot ditt eige mål. Vi definerer mål, kanskje har du konkrete mål allereie? Vi kartlegg moglegheiter, oppdagar nye perspektiv og finn nye løysingar. Som coach er eg der for å holde kursen stødig og vere eit fast punkt i prosessen. 

 

Winnie fikk meg til se problemstillinger på en ny måte. Dette førte til nytt fokus og bedre fremgangsmåter i forhold til å nå mine mål. Jeg har lært nyttige verktøy som har hjulpet meg både i forhold til jobb og i dagliglivet. Å bli bevisst på egne verdier og kvaliteter var for meg den viktigste lærdommen etter samtalene med Mewinn Coaching.
— Lene

Eg tok heldigvis den avgjerelsa om å gå til coaching, Å gå til coaching har vore ei reise med oppoverbakke som har vore bratt som fy, men også reise som har gitt meg følelsen av å lette utruleg lærerik og ei opplevelsereise, at eg ikkje har gjort dette før. Coaching med Winnie har vore ei utruleg fin oppleving, med sitt vinnande vesen, roleg avbalansert, det har gitt meg tiltrua eg treng. Ho guida meg på rett vei på ein venleg men bestemt måte. Eg har i kvar time følt meg trygg på at dette vil hjelpe og at eg kjem dit eg vil. Den tiltrua trur eg er ein av dei viktigaste faktorane for å lykkast.
— Dame frå Herøy, 46 år
Det som berre var ein indre dialog vart ei bevisstgjering og eit første steg til å virkeleggjere draumen. Coachingen med Winnie var ein fin måte å kartlegge ressursar og motivasjon for å kome fram til ein realistisk måloppnåelse
— Ragnar
Coaching med Winnie gir deg ei djupare innsikt i kva du eigentleg ynskjer, og korleis du best kan nå måla dine. Eg vil anbefale alle å ta seg nokre samtaletimar med Winnie, før ein bestemmer seg for å gjer dei store endringane i livet sitt
— Helsing Evelyn
Coaching med Winnie var ein lærerik og tøff reise. Å få rydde opp i kaotiske tanker og følelsen av ikkje strekke til, har gitt med ny sjølvkjensle. Er blitt bedre på å sortere viktige ting fra mindre viktige. I dag har eg nådd det målet vi satte første time
— Kvinne 50
Takk for fine samtalar som ga meg meir tru på meg sjølv, og teknikkar på korleis takle min måte å vere på.
— Ung jente i tenåra.